Turkonkurranse er ein form for konkurranse som går ut på samle poeng ved å gå på dagsturar til fastsette mål i terrenget, som til dømes utpeika fjelltoppar, åsar og høgder, finne eit visst tal utsette orienteringspostar (turorientering), gjere overnattingsturar i terrenget, fisketurar til vatn og sjøar, vitje kulturminne, finne fram til markerte lyktestolpar i byområdet og liknande. Dette skal gjennomførast i løpet av ein avgrensa sesong.

Føremålet med turkonkurransar er å styrke interessa for friluftsliv og turgåing ved å få folk til å kome seg ut på tur i naturen eller ikring i stroka i nærmiljøet. Difor er det opp den dei einskilde deltakarane å avgjere når turane skal takast og kor lang tid som skal nyttast. Opplegget gjev vanlegvis høve til at familiar med born kan ha glede av konkurransen.

Turkonkurransar vert organiserte av ulike foreiningar, turlag og idrettsklubbar. Dei registrerer dei som ynskjer å vere med, lager eit kontrollopplegg med koder, stemplingar og liknande på kvart av måla i terrenget som deltakarane må ha vore innom, og syter for premieringar eller anna påskjøning. Det finnes også App-baserte løysningar som berre baserer seg på digital innsjekking. Då dei fleste av turkonkurransane er lagt opp slik at alle får ei påskjøning dersom dei stetter dei oppsette krava, er premien gjerne eit merke, ein medalje, eit diplom eller liknande. Vanlegvis finansierar laga denne verksemda med ei avgift frå deltakarane, som ofte kan vere lagt opp slik at dei må kjøpe ei pakke med kart og anna materiale som dei treng for å kunne take del i turkonkurransen.

Bakgrunnsstoff

endre