Turnerkamp
Turnerkamp er ein 3 418 meter over havet høg fjelltopp i Zillertalalpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol. Toppen er høgste punktet på ei lang sørgåande egg. På nordsida av fjellet breier isbreen Hornkees seg.
Turnerkamp | |||
fjell | |||
Turnerkamp
| |||
Land | Austerrike | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Zillertaleralpane | ||
Høgd | 3 418 moh. | ||
Førstestiging | 1860-åra | ||
Koordinatar | 46°59′26″N 11°48′33″E / 46.99056°N 11.80917°E | ||
Turnerkamp 46°59′24″N 11°48′36″E / 46.990135°N 11.809987°E | |||
Wikimedia Commons: Turnerkamp |
Ein lokal bonde, Johann Kirchler frå Luttach i Ahrntal, var fyrstemann til topps på Turnerkamp, ein gong på 1860-talet. Dei fyrste turistane som vitja fjelltoppen stod der den 25. juni 1872; det var dei engelske fjellklivarane W.H. Hudson, C. Taylor og R. Pendlebury, ført av Gabriel Spechtenhauser og Georg Samer.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Turnerkamp» frå Wikipedia på tysk, den 25. juli 2014.