Tus[a] er ein gammel by i den iranske provinsen Razavi Khorasan. Tus ligger i nærleiken av storbyen Mashhad, ein av dei viktigaste religiøse stadene innan sjiaislam.

Tus
توس / طوس
by
Land  Iran
Fylke Razavi Khorasan
Kart
Tus
36°29′10″N 59°31′03″E / 36.486138888889°N 59.517555555556°E / 36.486138888889; 59.517555555556
Wikimedia Commons: Tus, Iran
Firdausi si grav i Tus.

Byen var kjend som Susia (Σούσια) for dei gamle grekarane. Han blei hærteken av Aleksander den store i 330 f.Kr.

Han blei teken av omajjadekalifen Abd al-Malik og blei verande under omajjadekontrol fram til 747, då ein underordna av Abu Muslim Khorasani nedkjempa omajjadeguvernøren under Abbasideoppreisten.[1] I 809 blei abbasidekalifen Harun al-Rashid sjuk og døydde i Tus medan han var undervegs for å få slutt på uroa i Khorasan.[2] Han er gravlag i området.[3]

I 1220 blei Tus plyndra og øydelagd under den mongolske leiaren Subutai. Eit år etter drap Tolui og styrkane hans størsteparten av innbyggjarane,[4] og øydela grava til Harun al-Rashid.[5] Fleire tiår seinare blei byen gjennoppbygd under guvernøren Kuerguez.[5]

Byen er best kjend som opphavsstaden til diktaren Abu l-Qasim Firdausi (død ca. 1020), som stod bak det monumentale persiske nasjonaleposet Sjāhnāmeh, eller Den iranske kongeboka. Den betydelege islamske lærde Abu Hamid Muhammad al-Ghazali kom også herfrå, fødd her i 1058. Andre større personar frå Tus er Asadi Tusi (død 1072), Sharaf al-Din al-Tusi (død 1213) og Nasir ad-Din at-Tusi (død 1274).

Merknadar endre

  1. Også romanisert som Tous, Toos eller Tūs

Kjelder endre

  1. Tus, V. Minorsky, The Encyclopaedia of Islam', ol. X, red. P.J. Bearman, T. Bianquis, C.E. Bosworth, E. van Donzel and W.P. Heinrichs, (Brill, 2000), 741.
  2. The Court of the Caliphs by Hugh N Kennedy (ISBN 0 297 83000 7)
  3. Hudud al-Alam translated by V. Minorsky (SBN 7189 -2-1 7)
  4. Tus, Gisela Helmecke, Medieval Islamic Civilization: An Encyclopedia, Vol. I, red. Josef W. Meri, (Routledge, 2006), 838.
  5. 5,0 5,1 Mediaeval Researches from Eastern Asiatic Sources, Vol. 2, red. E. Bretschneider, (Routledge, 2000), 65.