Tuxeralpane er ei lita fjellkjede i Alpane i Austerrike. Fjellkjeda er kalla opp etter Tuxerdalen, ein sidedal til Zillertal.

Rastkogel, det tredje høgste fjellet i Tuxeralpane, er eit ynda mål for skirennarar

Fjellkjeda grensar til elva Inn i nord (med Karwendel på andre sida), den lågare Zillerdalen i aust (med Kitzbühleralpane på andre sida), Tuxerjochpasset og Tuxerdalen i sør (med Zillertalalpane på andre sida), og Wipptal i vest (med Stubaieralpane på andre sida).

Den høgaste toppen i Tuxeralpane er Lizumer Reckner med ei høgd på 2 886 m.

Viktigaste toppane

endre

Kjelder

endre