Tverrelvdalen

tettstad i Alta

Tverrelvdalen er ein tettstad i Alta kommune, vest i Finnmark fylke. Staden ligg søraust for byen Alta og har 457 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Tverrelvdalen
tettstad
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Alta
Areal 0,37 km²
Folketal 457  (2023)
Folketettleik 1 235 / km²
Kart
Tverrelvdalen
69°55′24″N 23°29′45″E / 69.923333°N 23.495833°E / 69.923333; 23.495833

Staden er særleg kjend for å ha eit talemål ulikt resten av Finnmark, sidan det var utvandrande gudbrandsdøler som busette seg der på 1830-talet, altso ein generasjon etter at øysterdølene busette Bardu og gudbrandsdølene Målselv i Indre Troms. Talemålet er utsett for mykje eksponering og utjamning av områda rundt, der dei talar ytre finnmarksk. Talemålet i dag er mykje utvatna, men om nokon er interesserte kan de høyra litt på korleis det var hjå gamle på 1980-talet[1]. I tillegg til Tverrelvdal og Indre Troms so finn ein eit vestlandsk innflytjarmål (frå Voss?) på Kiby og Ekkerøy utanfor Vadsø[2], Sanitetsdalen og sørdelen av Hattfjelldal av trønder og austlendingar[3].

Kjelder endre

  1. Har det på tunga...... (på norsk bokmål), henta 22. april 2021 . Frå 12:35 av 1984-finale-episoden.
  2. Skjekkeland, Martin (15. november 2020). «dialekter og språk i Finnmark». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. «Hattfjelldal». Wikipedia (på norsk bokmål). 20. november 2020.