Two-Bit Manchild
Two-Bit Manchild Singel av Neil Diamond frå albumet Velvet Gloves and Spit | ||
A-side |
Two-Bit Manchild | |
---|---|---|
B-side |
Broad Old Woman (6 AM Insanity) | |
Utgjeve | 13. juli 1968 | |
Innspelt | 1968 | |
Sjanger | Pop, Rock | |
Lengd | 03:04 | |
Selskap | Universal Special Products | |
Låtskrivar(ar) | Neil Diamond | |
Produsent | Tom Catalano and Neil Diamond | |
Neil Diamond-kronologi | ||
Brooklyn Roads | Two-Bit Manchild | Shilo
|
Two-Bit Manchild er ein song skriven og framført av Neil Diamond. Han vart gjeven ut i 1968 på albumet Velvet Gloves and Spit, og vart gjeven ut som singel med B-sida «Broad Old Woman (6 a.m. Insanity)». Han er ein «sterk og interessant» song i følgje Robert Jamieson.[1]
«Two-Bit Manchild» finst òg på samlealbuma Glory Road 1968-1972, Play Me: The Complete UNI Studio Recordings Plus, Gold og Reflections.
Opningsriffet minnar om «Day Tripper» av The Beatles.
Neil Diamond spelte «Two-Bit Manchild» den 2. juli 1968 på Showcase 68. Han vart offisielt gjeve ut som singel 13. juli 1968 og nådde etter kvart 66. plass på singellista.[2]
«Two-Bit Manchild» vart spelt inn av den australske popsongaren Johnny Farnham på det andre studioalbumet hans, Everybody Oughta Sing a Song på EMI Records i november 1968. Songen er òg spelt inn av Neil Diamond-coverbandet Nine Inch Neils,[3].
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Two-Bit Manchild» frå Wikipedia på engelsk, den 23. august 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Jamieson, Robert. «Neil Diamond: Play Me: The Complete Uni Studio Recordings . . . Plus! < PopMatters». Popmatters.com. Henta 23. august 2013.
- ↑ «LOOKING BACK-1968-Neil Diamond Through The Years». Tomziber.com. Arkivert frå originalen 17. juli 2011. Henta 23. august 2013.
- ↑ US. «Neil Diamond Tribute - Nine Inch Neils | Gratis muziek, tourneedata, foto's, video's». Myspace.com. Henta 23. august 2013.