Tycho på månen
Tycho er eit markant ringfjell sør på månen, kalla opp etter den danske astronomen Tycho Brahe (1546–1601).[1] I sør ligg krateret Street; i aust ligg Pictet, og i nord-nordaust ligg Sasserides. Overflata kring Tycho er full av krater av forskjellige storleik, og mange overlappar eldre krater. Somme av dei mindre krateret er sekundære krater laga frå store bitar av ejisert materiale frå Tycho.
Tycho frå Lunar Orbiter 5. NASA | |||
Koordinatar | 43°19′S 11°22′W / 43.31°S 11.36°W | ||
---|---|---|---|
Diameter | 86,21 km | ||
Djupne | 4,8 km | ||
Colengdegrad | 12° ved soloppgang | ||
Eponym | Tycho Brahe |
Tycho er eit relativt ungt krater, med ein estimert alder på 1,8 millionar år, basert på analysar av prøver frå Apollo 17. Denne alderen indikerer at nedslaget kom frå asteroidefamilien Baptistina. Simulerte studiar har gjeve 70% sannsyn for at krateret vart skapt av ein bit frå oppløysinga som skapte den noverande asteroiden 298 Baptistina.[2]
Krateret har skarpe kantar, i motsetnad til eldre krateret, som har blitt slitne ned av seinare nedslag. Den indre delen har høg albedo som er godt synleg når sola står høgt over månen, og krateret er omgjeve av eit særeige strålesystem som dannar nesten 1500 km lange spiler ut frå krateret. Delar av desse strålane kan ein sjå sjølv når månen berre er opplyst av jordlys.
Vollane utafor kraterkanten har lågare abledo enn det indre i ein avstand på over hundre kilometer, og er utan strålene som ligg lenger ute. Denne mørkare kanten vart danna av mineral som vart kasta opp under nedslaget.
Den indre veggen er preg av jordras og terrassar, og heller ned til ein nesten flat kraterbotn, med somme små haugar. Botnen syner teikn på tidlegare vulkansk aktivitet, truleg frå smelta stein under nedslaget. Den sentrale haugen stig 1,6 km over kraterbotnen, og mindre toppar står like nordaust for hovudmassivet.
Kraterkanten vart vald som mål for Surveyor 7. Romfartøyet landa like nord for krateret i januar 1968. Her vart det gjort kjemiske undersøkingar av overflata. Krateret vart òg kartlagt i detalj av Lunar Orbiter 5.
Satellittkrater
endreTil vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Tycho.
Tycho | Breiddegrad | Lengdegrad | Diameter |
---|---|---|---|
A | 39.9° S | 12.0° W | 31 km |
B | 43.9° S | 13.9° W | 13 km |
C | 44.3° S | 13.7° W | 7 km |
D | 45.6° S | 14.0° W | 27 km |
E | 42.2° S | 13.5° W | 14 km |
F | 40.9° S | 13.1° W | 16 km |
H | 45.2° S | 15.8° W | 8 km |
J | 42.5° S | 15.3° W | 11 km |
K | 45.1° S | 14.3° W | 6 km |
P | 45.3° S | 13.0° W | 8 km |
Q | 42.5° S | 15.9° W | 21 km |
R | 41.8° S | 13.6° W | 5 km |
S | 43.4° S | 16.1° W | 3 km |
T | 41.2° S | 12.5° W | 14 km |
U | 41.0° S | 13.8° W | 19 km |
V | 41.7° S | 15.3° W | 4 km |
W | 43.2° S | 15.3° W | 19 km |
X | 43.8° S | 15.2° W | 13 km |
Y | 44.1° S | 15.8° W | 19 km |
Z | 43.1° S | 16.2° W | 24 km |
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tycho (crater)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juli 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Andersson, L. E.; Whitaker, E. A. (1982). NASA Catalogue of Lunar Nomenclature. NASA RP-1097.
- Blue, Jennifer (July 25, 2007). «Gazetteer of Planetary Nomenclature». USGS. Henta 5. august 2007.[daud lenkje]
- Bussey, B.; Spudis, P. (2004). The Clementine Atlas of the Moon. New York: Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-81528-4.
- Cocks, Elia E.; Cocks, Josiah C. (1995). Who's Who on the Moon: A Biographical Dictionary of Lunar Nomenclature. Tudor Publishers. ISBN 978-0-936389-27-1.
- McDowell, Jonathan (July 15, 2007). «Lunar Nomenclature». Jonathan's Space Report. Henta 24. oktober 2007.
- doi:10.1007/BF00171763 10.1007/BF00171763
- Moore, Patrick (2001). On the Moon. Sterling Publishing Co. ISBN 978-0-304-35469-6.
- Price, Fred W. (1988). The Moon Observer's Handbook. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-33500-3.
- Rükl, Antonín (1990). Atlas of the Moon. Kalmbach Books. ISBN 978-0-913135-17-4.
- Webb, Rev. T. W. (1962). Celestial Objects for Common Telescopes (6th revision utg.). Dover. ISBN 978-0-486-20917-3.
- Whitaker, Ewen A. (1999). Mapping and Naming the Moon. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-62248-6.
- Wlasuk, Peter T. (2000). Observing the Moon. Springer. ISBN 978-1-85233-193-1.
- ↑ Blue, Jennifer (27. september 2014). «Tycho». USGS. Henta 13. juni 2016.[daud lenkje]
- ↑ «Breakup event in the main asteroid belt likely caused dinosaur extinction 65 million years ago». Physorg. September 5, 2007. Henta 13. juni 2016.