Tyholttunnelen

jarnbanetunnel i Trondheim

63°25′33″N 10°25′48″E / 63.42583°N 10.43000°E / 63.42583; 10.43000

Tyholttunnelen sett frå Lerkendal.
Foto: Alasdair McLellan

Tyholttunnelen er ein 2760 meter lang jernbanetunnel i Trondheim som vart opna i 1957.

Bygginga av tunnelen vart starta av tyskarane under andre verdskrigen og var omlag halvferdig då krigen var over. Tunnelen vart opna først i 1957. I den sørlege opninga er det leire, som gav store utfordringar under bygginga. Her vart det nytta frysestabilisering som ein av dei første ved bygging av tunnelar i lausmassar (leire) i Noreg.

Tyholttunnelen er ein del av Stavne–Leangenbanen.[1] I 2017 vil ein utvide tunnelen i samband med elektrifiseringa av Stavne-Leangenbanen.

Kjelder

endre