Stavne–Leangenbanen

Stavne–Leangenbanen er ei 5,8 km lang jernbanestrekning i Trondheim kommune. Banen tar av frå Dovrebanen ved Stavne på vestsida av Nidelva, kryssar elva og deretter E6 før han kjem til Lerkendal haldeplass, som i dag er den einaste haldeplassen på strekninga. Vidare går jernbanen gjennom den 2,7 km lange Tyholttunnelen før han kjem ut ved Leangen stasjon, og kjem inn på Meråkerbanen mot Hell. I 2013 vart det nybygde sørlege sporet frå Dovrebanen gjenopna etter at dei omfattande vegarbeida i området var ferdige. Banen vil bli elektrifisert som den første delen i samband med elektrifiseringa av Meråker- og Nordlandsbanen som er planlagt ferdig i 2024.[1]

Stavne–Leangenbanen
Tyholttunnelen ved Lerkendal
Info
Type Jernbane
System Éinspora uelektrifisert bane
Status Aktiv
Utgangsstasjon Marienborg stasjon
Endestasjon Leangen stasjon
Tal på stasjonar 2 (med nedlagde Stavne stasjon)
Drift
Opna 2. juni 1957
Eigar Bane NOR
Type trafikk Lokaltrafikk, godstrafikk
Loktypar NSB type 92
Teknisk
Køyrestraum Ikkje elektrifisert
Lengd 5,8 km
Lengd dobbeltspor 0
Kryssingsspor 0
Bruer 6
Tunnelar 1
Planovergangar 0

Historikk endre

Stavnebanen vart påstarta under 2. verdskrigen etter ønske frå Wehrmacht for å få ein alternativ jernbane utanfor Trondheim sentrum ved ein eventuell sabotasjeaksjon. Fordi det tok lang tid å bygge tunnelen, begynte ein òg å bygge ei parallellstrekning frå Skansen stasjon og gjennom Sandgata. Då krigen var slutt var likevel ingen av dei to strekningane ferdige. Sporet frå Sandgata og vidare gjennom Olav Tryggvasons gate hadde berre nådd Søndre gate.[2] Vidare bygging av Stavne–Leangenbanen vart utsett, og han vart offisielt opna først 2. juni 1957. Til å begynne med vart han berre nytta til godstrafikk, men sidan 1988 er strekninga mellom Marienborg og Lerkendal trafikkert på kvardagar av lokaltog frå Steinkjer. Gjennom Tyholttunnelen går det framleis berre godstrafikk.[3]

Linjekart endre

 
Stavnebanen frå Tyholttunnelen i retning Leangen stasjon
Teiknforklaring
  Dovrebanen frå Trondheim
  
    550,76 km Trondheim M (1917)
  549,95 km Marienborg (2001)
Stavne kulvert (ca. 50 m)
549,61 km Søndre Tilsving
     549,24 km Stavne (1908-1999)
    Stavne bru over Nidelva (186 m)
    Dovrebanen til Heimdal
     Holtermanns veg
   Klæbuveien
   550,37 km Lerkendal (1988)
   Strindveien
   Tyholttunnelen (2760 m)
   Rønningsbakken
     Innherredsveien
   Thonning Owesens gate
    Meråkerbanen frå Trondheim
   554,94 km Leangen
   Meråkerbanen til Hell

Kjelder endre

  1. http://www.banenor.no/Prosjekter/prosjekter/Elektrifisering-trondelag/
  2. Nils Carl Aspenberg (1994). Glemte spor: Boken om sidebanenes tragiske liv. Oslo: Baneforlaget. s. 299–300. ISBN 82-91448-00-0. 
  3. «Blad 14 Trondheim S - Grong Leangen -Marienborg Hell - Storlien» (PDF). Jernbaneverket. 13. desember 2009. Henta 9. mai 2010. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Stavne–Leangenbanen