Tympanalorgan er høyrsleorgan hjå nokre virvellause dyr. Dei kan opptre på litt ulike stader på kroppen eller på beina.

Tympanalorganet hos Leptophyes punctatissima er den runde eller spalteformete opninga, på frambeina, litt høgt oppe på leggen.

Det er fleire måtar å oppfatta lyd på, anten med tympanalorgan eller med akustiske sansehår.

Tympanalorganet liknar litt på eit øyre og er ei rund eller spalteforma opning. Insekt kan oppfatta frekvensar, heilt opp mot 200 kHz, noko som er mykje høgare enn kva eit menneske kan oppfatta. Menneske kan oppfatta lydar med svingingar mellom 15 og 20 kHz.

Lauvgrashopper og sirissar har tympanalorganet på frambeina, eit stykke oppe på leggen. Ved å snu på seg kan dei òg rettningsbestemme kvar lyden kjem frå. Andre har slike høyrsleorgan på bakkroppen.

Kjelder endre