Øyre

høyre- og balanseorgan

Øyre finn ein på dei fleste dyr, hovudfunksjonen deira er å oppfatte (høyre) lyd.

Menneskeøyret.
1 - Tinningbein
2 - Øyregang
3 - Ytre øyre
4 - Trommehinna
5 - Ovale vindauge
6 - Hammaren
7 - Ambolt
8 - Stigbøyelen
9 - Bogegangar
10 - Sniglehuset
11 - Høyrselsnerven
12 - Øyretrompet

Det er vanleg å dele inn øyret på pattedyr i ein indre, ein midtre og ein ytre del.

Det ytre øyret består stort sett av hud og brusk. Det har til oppgåve å leie lyden inn i øyregangen, og verne det indre øyret mot framandelement. I tillegg endrar foldane i det ytre øyret frekvensspekteret på lyden som kjem inn, alt etter kvar lyden kjem frå.

Mellomøyret inneheld ei knokkelkjede samansett av hammaren (lat. malleus), ambolten (lat. incus) og stigbøyelen (lat. stapes). Stigbøyelen er kopla til ein membran som kler det ovale vindauget som grensar til sniglehuset (sjå under).

Det indre øyret inneheld blant anna sniglehuset som omdannar vibrasjonar til nervesignal, og labyrinten som hjelper individet å halde balansen.

Virvellause dyr

endre

Sanseorgan som kan oppfatte lydar hos virvellause dyr er små akustiske hårhudskjelettet (kutikula) eller organ som kan likne på eit øyre. Desse blir kalla tympanalorgan og er plassert ulike stader på kroppen. Lauvgrashopper og sirissar har dei på frambeina, nokså høgt oppe på leggen. Ved å snu på seg kan dei også oppfatte kvar lyden kjem frå. Andre har slike høyrselsorgan på bakkroppen.

Insekt kan oppfatte frekvensar heilt opp mot 200 kHz, noko som er langt høgare enn det menneske kan oppfatte (15–20 kHz).

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Øyre