Tyndalleffekt eller tyndallspreiing er spreiing av ljos mot partiklar mindre enn bølgjelengda til ljoset, spesielt spreiing mot partiklane i ei kolloidal løysing. Effekten vart først skildra av John Tyndall i 1868. Ljos som blir spreidd vinkelrett på stråleretninga, viser seg å vere fullt lineært polarisert. I andre retningar er det delvis polarisert, kalla Tyndalls fenomen. Effekten minnar om rayleighspreiing.

Mjøl i vatn ser ut til å ha ein blå farge fordi berre spreidd ljos når sjåaren og det blå ljoset vert spreidd meir enn raudt ljos.

Tyndalleffekten blir nytta for å avgjere konsentrasjon av kolloidale løysingar ved hjelp av nephelometer eller diafanometer.

Kjelder

endre