Tyngd

(Omdirigert frå Tyngde)

Vekta, eller tyngda, til ein lekam er krafta som verkar på lekamen når han er plassert i eit gravitasjonsfelt. SI-eininga er difor Newton. Vekta f er proporsjonal med massen til lekamen og med tyngdeakselerasjon:

Når ein plasserer ein katt i eit gravitasjonsfelt vil det verka ei kraft på katta som trekker han ned mot jorda.
,

der m er massen til lekamen og g er tyngdeaksellerasjonen. Endå om gravitasjonsfeltet er litt forskjellig på forskjellige stadar på jorda, er variasjonane etter måten små, så vekta til ein lekam er med god tilnærming den same overalt på jorda. Dette har ført til at masse og vekt ofte vert blanda saman. Massen til ein lekam er den same, uavhengig av tyngdeakselerasjon. Ein lekam med ein masse på 1 kg har difor same masse på jorda, på månen og i verdsrommet, medan vekta varierer. På månen til døme er tyngdeakselerasjon rundt ein 1/6-del så stor som på jorda, så ein lekam er seks gongar så tung (veg seks gongar så mykje) på jorda som på månen.

Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.