Tynning i hagebruk og skogbruk er fjerning av plantar eller plantedelar for å gje betre vekst for dei som er att. Ein kan til dømes tynna frøplantar som er sådd tettare enn avstanden dei krever for å få god vekst, eller kart av fruktplantar for å sikra kvaliteten og storleiken til frukta.

Tynning av eplekart: Utynna grein til venstre, grein etter tynning til høgre.

Ein kan så tett og deretter tynna dersom spireforholda er vanskelege, til dømes om det er fare for åtak frå sjukdom eller insekt i den første veksttida. Metoden er arbeidskrevjande og kostbar og blir stort sett utført manuelt, sjølv om det er utvikla tynnemaskinar. Betre eittfrøsåmaskinar og plantevernmiddel har sammen med overgang til utsetting av oppala plantar redusert behovet for tynning.

Innan fruktdyrking kan ein tynna kjemisk eller manuelt. Tynning er aktuelt i år der trea set for mange kart til å produsera kvalitetsfrukt.

Sjå òg endre

Kjelder endre

«tynning» (2. juni 2015) i Store norske leksikon, snl.no.