Type i biologisk nomenklatur

(Omdirigert frå Type i biologi)

Innanfor biologisk nomenklatur er type nemninga for eit utvalt takson eller eit utvalt eksemplar som dannar grunnlaget for å definere og gje namn til eit foreldertakson.

Holotypen for arten Mimulus peregrinus i gjøglarblomfamilien. Han er referansepunktet for artsnamnet. Typeeksemplaret tener som ein objektiv referanse for taksonet og har derfor stor verdi innanfor biologien.
Foto: Mario Vallejo-Marín

På artsnivå, og under, vil dette vere eit prøveeksemplar av individuelle organismar.

For høgare taksa kan regelverket innanfor nomenklaturen avgjere kva for eit underordna takson som skal brukast, til dømes for ei slekt er det ein bestemt art, for ein familie ei bestemt slekt. Avhengig av disiplin og tilgang på prøvar, kan andre skildrande format tene som typar, til dømes har det i botanikken vore brukt illustrasjonar, innan andre organismegrupper brukast levande bakteriekulturar og arkar.

Det originale eksemplaret som vart brukt som typen for ein art er kjent som holotypen. Om holotypen er gått tapt, blir eit nytt eksemplar valt ut, men blir kalla lektotype eller neotype.[1] Zoologien og botanikken har ulik praksis og terminologi for handsaming av prøvar. Det nøyaktige regelverket (engelsk Code) for å skildre eit takson vil ein finne i internasjonale organ, for eksempel for zoologi er dette International Commission on Zoological Nomenclature. Ettersom disiplinane har ulik historisk bakgrunn er regelverka ulike, men følgjer liknande prinsipp.

Typelokaliteten er området kor typeeksemplaret vart funne.

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Botanisk- og plantefysiologisk leksikon, Institutt for biovitenskap, UiO. Henta 1. februar 2015