Typisk norsk er eit magasinprogram om språk og kommunikasjon produsert av Dropout Productions (sesong 2004 og 2005) og Rubicon TV (sesong 2006) for NRK.

Programmet vann Gullruta i 2005 for Beste kultur- eller magasinprogram og Beste mannlege programleiar samt Den Store Journalistprisen i 2006.

Programmet har fått mykje merksemd og blir mellom anna brukt i norskundervising.

Typisk norsk blir presentert av Petter Schjerven, som mellom anna intervjuar språkforskarar, tek opp problemstillingar rundt det norske språket, og leiter opp interessante språktrekk.

Typisk norsk har blant anna teke opp:

I programmet vart sjåarane også inviterte til å foreslå og deretter stemme fram eit norsk nasjonalord. Dugnad vann knepe framfor jah (på innpust), matpakke, og koselig.

Bakgrunnsstoff

endre