Skarre-r er ein guttural uttalevariant av bokstaven r som innan norsk er karakteristisk for dialektar på Sør- og Vestlandet. Lyden blir laga ved at drøvelen (uvula) vibrerer mot den bakerste delen av ganen (dorsum). I fonetikken blir skarre-r kalla ein dorso-uvular vibrant, og fonetisk høyrer lyden til approksimantane.

Språk der skarre-r er utbreidd er dansk, tysk, nederlandsk, fransk, og hebraisk. I tillegg finn ein lyden i mindre utbreidde dialektar av svensk, italiensk og portugisisk.

Utbreiing endre

Sjølv om skarre-r er lettare å seia for småbarn[treng kjelde], er han mindre utbreidd på verdsbasis enn rulle-r. I Noreg dukka han truleg først opp på 1700-talet, etter påverknad frå dansk uttale, i byar som Bergen og Kristiansand. Skarre-r-en er i dag på rask frammarsj på Vestlandet, medan den tradisjonelle rulle-r-en er på vikande front.

Bakgrunnsstoff endre