Tzolk'in[1] (mayansk uttale: [t͡sol ˈkʼin]) er namnet gjeve av mayanistar på den 260 dagar lange mesoamerikanske kalenderen som stammar frå mayasivilisasjonen under det prekolumbianske Mesoamerika.

Tzolk'in, grunnsyklusen til mayakalenderen, er ein framståande komponent i samfunnet og rituala til dei gamle og moderne mayaene. Tzolk'in er framleis brukt av flere mayasamfunn i det guatemalske høglandet. Medan bruken har spreidd seg i denne regionen, er denne praksisen motarbeidd av evangelikale kristne konvertittar i nokre mayasamfunn.

Ordet tzolkʼin, som tyder «inndeling av dagar»,[treng kjelde] er ein vestleg neologisme frå språket yukatansk maya. Moderne mayagrupper som har oppretthalde ei uavbrote teljing i over 500 år i tzolk'in, nyttar andre omgrep i språka sine. Til dømes nyttar kʼiche-folket omgrepet Aj Ilabal Qʼij [aχ ilaɓal ʠiχ] eller Rajilabal Kʼij [ɾaχ ilaɓal ʠiχ], 'sansen for dagen' eller 'omgangen av dagane'[treng kjelde] og kaqchikel-folket nyttar omgrepet Chol Qʼij [tʃol ʠiχ], 'organiseringa av tid'.[treng kjelde] Namna på denne kalenderen hjå dei prekolumbianske mayaene er ikkje allment kjende. Den tilsvarande postklassiske aztekarkalenderen vart kalla tonalpohuallinahuatl.

Kjelder endre

  1. frå den reviderte Guatemala Mayan Languages Academy-ortografien, som er føretrekt av lingvistane ved Summer Institute of Linguistics