UEFA-cupfinalen i fotball 1983
UEFA-cupfinalen i fotball 1983 stod mellom belgiske RSC Anderlecht frå Brussel og portugisiske Benfica frå Lisboa og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 4. mai på Heysel-stadion i Brussel framfor 52 694 tilskodarar, returkampen 18. mai på Estádio da Luz i Lisboa med 80 000 på tribunane. Anderlecht vann pokalen med 2 mål mot 1.
Kampane
endreHeime i Brussel vart dansken Kenneth Brylle matchvinnar då han skåra kampens einaste mål i det 29. minutt.
I Lisboa gav Shéu Han heimelaget leiinga i det 32. minutt. Allereie seks minuttar seinare utlikna spanske Juan Lozano for det belgiske laget, eit mål som sikra sigeren til Anderlecht.
Laga
endreVinnarlaget til Anderlecht bestod av: Jacky Munaron, Wim Hofkens, Luka Peruzović, Morten Olsen, Michel De Groote, Per Frimann, Frank Vercauteren (kaptein), Ludo Coeck, Erwin Vandenbergh, Kenneth Brylle, Juan Lozano, Walter De Greef, Hugo Broos, Alexandre Czerniatynski.
Benfica mønstra: Manuel Bento, Minervino Pietra, Humberto Coelho (kaptein), António Bastos Lopes, António Veloso, Carlos Manuel, Glenn Strömberg, Shéu Han, Fernando Chalana, Nené Batista, Diamantino Miranda, Frederico Rosa, Álvaro Magalhães, José Luís Silva, Zoran Filipović, João Alves.
Dommarar
endreBogdan Dotsjev frå Bulgaria dømde kampen i Brussel, i Lisboa var Charles Corver frå Nederland kampleiar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «1983 UEFA Cup Final» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2019.