Glenn Strömberg

svensk fotballspelar

Glenn Peter Strömberg (fødd 5. januar 1960) er ein svensk tidlegare fotballspelar frå Göteborg. Han var midtbanespelar på IFK Göteborg, portugisiske Benfica og til sist italienske Atalanta. Strömberg er busett i Italia.

Glenn Strömberg

Klubbspel endre

Strömberg var 1979-83 aktiv på IFK Göteborg sitt suksessrike lag. I mai 1982 overraska laget stort ved å vinne samanlagt 4 – 0 over Hamburger SV i finalen i UEFA-cupen. Same året var han også med om å vinne den svenske seriemeisterskapen og den nasjonale cupfinalen.

I januar 1983 skreiv Stömberg kontrakt med det portugisiske topplaget Benfica. Om våren tok klubben seg til finalen i UEFA-cupen, Strömberg og lagkameratane tapte denne mot belgiske RSC Anderlecht. Med Benfica vart han seriemeister både i 1983 og 1984. Sommaren 1984 vart han overført til Atalanta i Bergamo. Der spelte han dei neste åtte sesongane i vekselvis Serie A og Serie B i italiensk fotball. Atalanta og Strömberg tok seg til finalen i den nasjonale cupen 1987, men tapte 0–3 på bortebane mot SSC Napoli og totalt 0–4.

Landslagsspel endre

Strömberg deltok i 52 av Sveriges landskampar i tida 1982-1990. Under VM i fotball 1990 skåra han eitt av sine 7 landslagsmål, ei turnering der Sverige tapte alle tre gruppespelkampane med 1–2.

Kjelder endre