USA Today er ei amerikansk dagsavis skipa i 1982 av Allen Neuharth. Ho er ei av dei største nasjonale avisene i USA, og har vore den med dei største opplagstala. Eigaren og utgjevaren av avisa er Gannett Company.

USA Today

Hovudkvarteret til USA Today i Tysons Corner i Virginia.
LandUSA[1]
TypeDagsavis
Grunnlagd15. september 1982
Pris0,75 US-dollar
EigararGannett
Grunnlegger(ar)Al Neuharth
Redaktør(ar)David Callaway
Sjefredaktør(er)Nicole Carroll
SpråkEngelsk
Politisk posisjonSentrum-venstre,[2] sentrisme
Opplag726 906, 504 000 (20. februar 2019)
HovudkvarterTysons
ISSN2165-1779
Nettstadhttps://www.usatoday.com/ (engelsk)

Første utgåva av USA Today kom ut den 15. september 1982.[3] Avisa har hovudkvarter i Tysons Corner i Virginia.[4]

Avisa blir seld i alle 50 statane i USA og i District of Columbia, Guam, Puerto Rico, Canada og Storbritannia. Avisa kostar 2 dollar, og er tilgjengeleg gratis på Internett.

USA Today hadde eit opplag på 1 674 306 i 2013, noko som gjorde henne til den største papiravisa i USA. Når også digitale abonnement er telde med er ho den tredje største avisa i landet, etter The Wall Street Journal og The New York Times.[5]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre