Det amerikanske flagget

(Omdirigert frå USA sitt flagg)

Det USA-amerikanske flagget har 13 vassrette striper, sju raude og seks kvite, og på eit blått felt øvst ved stonga kvite, femtagga stjerner. Kvar stjerne i flagget representerer ein delstat i USA, medan kvar stripe representerer Dei tretten koloniane.

Det amerikanske flagget
Proporsjon: 10:19

Flagget vart vedteke av Kongressen i 1777. I tida 1795–1818 hadde det 15 vassrette striper. Dei to nye stripene symboliserte dei to nye statane Vermont og Kentucky, som vart tekne inn i unionen i høvesvis 1791 og 1792. I 1818, då unionen bestod av 20 statar, vedtok Kongressen at ein skulle gå attende til dei opphavlege 13 stripene i flagget. Populært blir flagget kalla «Stars and Stripes», «Old Glory» eller «the Star-Spangled Banner».

Kjelder endre