USS «Macon» (ZSR-5)
USS «Macon» var eit amerikansk luftskip bygd for den amerikanske marinen. Akkurat som systerskipet USS «Akron» var «Macon» utstyrt som flygande hangarskip.
Luftskipet var utstyrt med hangar for fire Curtiss F9C Sparrowhawk jagarfly og ein trapésanordning som flya hekta seg på under innhenting. Sjølv om flya var klassifisert som jagarfly, var hovudrolla rekognosering, og luftskipet vart i hovudsak sett på som eit langtrekkande rekognoseringsplattform.
USS «Macon» gjekk tapt under ein storm den 12. februar 1935.