Ubi pus, ibi evacua

Ubi pus, ibi evacua er ein latinsk aforisme eller eit adagium som ofte blir brukt i medisin.[1] Det kan omsetjast til «der det finst puss, der skal det evakuerast». Dette syner til den normale prosedyren der ein stikk hòl på ei samling av puss, slik at den kan renne ut.

Puss som renn ut frå ein fistel i halsområdet

Dette blir ofte gjort av otorhinolaryngologar hjå barn med kronisk residiverande mellomøyrebetennelse. Ein øyretube blir sett inn i trommehinna for å bidra til at den overflødige væska kan renne ut. Antibiotika har ofte vanskar med å trenge inn i abscessar, og verkar dårleg på grunn av låg pH. Evakuering gjennom dreneringskanalar er tilrådd, sidan det fjernar storparten av bakteriane og har god effekt med omsyn på å minske infeksjonen.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. American Medical Journal, Vol. 6, no. 6. 18. juni 1876, s. 226.