Udaipur er ein by i den indiske delstaten Rajasthan. Han er kjend for fleire slott og vatn.

Udaipur
उदयपुर
Land  India
Stat Rajasthan
Distrikt Udaipur
Areal 37 km²
Folketal 559 317  (2001)
Kart
Udaipur
24°35′N 73°41′E / 24.58°N 73.68°E / 24.58; 73.68
Wikimedia Commons: Udaipur

Byen er den historiske hovudstaden i det tidlegare Mewar-riket, og er no det administrative hovudkvarteret i Udaipur distrikt. Udaipur er også kjend som City of Lakes og austens Venezia. Pichola-sjøen, Fatah Sagar-sjøen, Udai Sagar og Swaroop Sagar i Udaipur er rekna blant dei vakraste sjøane i Rajastahn.

Byen er også kjent for slotta sine frå Radjput-tida. Særlig berømt er Lake Palace (Jag Niwas), som dekkjer ei heil øy i Pichola-sjøen. Fleire av slotta er gjort om til luksushotell.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.