Mewar (मेवाड़) er eit område som ligg sørleg sentralt i den noverande indiske delstaten Rajasthan. Området var styrt av radjputar gjennom fleire hundreår. Fyrstestaten Udaipur, også kalla Mewar,[1] blei grunnlagd på 700-talet.[2] Han kjempa lenge mot muslimske herskarar i området, men blei etterkvart underlagd Britisk India som vasallstat. I 1949 blei han innlemma i den nye staten India.

Mewar-regionen i Rajasthan.
Utsyn over Udaipur.

Mewar-regionen ligg mellom Aravallifjella i nordvest, Ajmer i nord, Gujarat og Vagad-regionen i Rajasthan i sør, Malwa-regionen i Madhya Pradesh i søraust og Hadoti-regionen i Rajasthan i aust. Han omfattar dei moderne distrikta Bhilwara, Chittorgarh, Rajsamand, Udaipur og Pirawa Tehsil i Jhalawar distrikt i Rajasthan, Neemuch og Mandsaur i Madhya Pradesh og delar av Gujarat.

Dei nordlege og austlege delane av regionen ligg på eit opphøgd platå som utgjer ei slakt hellande slette, medan dei vestlege og sørlege delane er åslendte og tradisjonelt dekte av tjukke skogar.[3] Vasskiljet mellom Bengalbukta og Khambhatgolfen går nesten gjennom midten av Mewar.[4] Frå nord- og austdelen renn elvane Bedach og Banas-elva med bielvar. Dei renn ut i Chambal-elva, som igjen renn ut i Yamuna. Elvane i sør og vest renn ut i Sabarmati og Mahi med bielvar.

Aravallifjella dannar den nordvestlege grensa for regionen. Dei er hovudsakleg danna av sedimentære bergartar som marmor og kotastein, som begge har vore mykje brukt til byggearbeid i regionen.

Kjelder endre

  1. Agarwal, B.D. (1979). Rajasthan District Gazetteers: Udaipur. Jaipur: Government of Rajasthan. s. 230. 
  2. «Udaipur | India», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 11. mars 2019 
  3. Imperial Gazetteer of India : Provincial Series Rajputana. Calcutta: Superintendent of Government Printing. 1908. s. 106–168. 
  4. Gupta, R.K.; Bakshi, S.R., red. (2008). Studies in Indian History: Rajasthan Through the Ages Vol. 5. New Delhi: Sarup & Sons. s. 64–77. ISBN 978-81-7625-841-8. 

Bakgrunnsstoff endre