Uffiziane

Uffiziane (av italiensk uffici, 'kontor') er eit bygningskompleks i Firenze, bygt i tida frå 1559 til ca. 1581 for å hyse departementa og embetskontora til bystaten Firenze. Arkitektar for bygningane var Giorgio Vasari, Bernardo Buontalenti og Alfonso Parigi den yngre.

Uffiziane
Florence, Italy - panoramio (125).jpg
ArkitektGiorgio Vasari, Bernardo Buontalenti, Alfonso Parigi
Opna1581

Uffiziane
43°46′6″ N 11°15′19″ E
Uffiziane, sett frå Palazzo Vecchio

Kunstverk som Medici-ætta hadde skaffa seg vart lagra i etasjen over kontoretasjane. Desse måleria og skulpturane danna grunnlaget for eit av dei eldste og mest berømte kunstmusea i verda. Samlingane består av eit rikt utval av italiensk og særleg florentisk målarkunst frå 1400- og 1500-talet, heilt opp til seinbarokken.

KjelderEndra