Ukhtaelva
Ukhta (russisk Ухта) er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Izjma frå venstre i nedslagsfeltet til Petsjora. Ho er 199 km lang og har eit nedslagsfelt på 4510 km² og ei middelvassføring på 48,9 m³/s 13 km frå munningen.
Ukhta | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 4 510 km² | ||
Lengd | 199 km | ||
Middelvassføring | 48,9 m³/s | ||
Kjelde | Timanhøgdene | ||
Munning | Izjma | ||
Ukhtaelva 63°52′24″N 52°46′15″E / 63.873333333333°N 52.770833333333°E | |||
Wikimedia Commons: Ukhta River |
Elva frys til i månadsskiftet oktober-november og vert isfri att i mai/juni.
Ukhta har utspring i Timanhøgdene. Ho renn først mot sør og seinare mot aust. Ho renn gjennom byen Ukhta og munnar ut i Izjma ved byen Sosnogorsk. Elva er stri med fleire stryk.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ухта (река)» frå Wikipedia på russisk, den 29. september 2008.