Ula i Vestfold

Koordinatar: 59°1′30.9″N 10°11′4.9″E

Ula er ei gamal loshamn i Larvik kommune i Vestfold og Telemark. Staden er kjent for å vera heimstaden til den kjente losen Ulabrand, og for å ha gjeve namn til ein ubåt (KNM Ula (P-66)) og ein type ubåtar (Ulaklassen). Visesongaren Louis Jacoby (1952–) bor i Ula.

Ula ut mot Skagerrak på Torsøyhalvøya i Larvik kommune.
Foto: Jens Lohne Eftang
Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestfold og Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.