Ullswater
Ullswater er den nest største innsjøen i Lake District i England, og er om lag 12 km lang og 1 km brei. På det djupaste er han kring 60 meter.
Ullswater | |||
innsjø | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Opphaldstid | 350 dagar[1] | ||
Høgd over havet | 145 moh. | ||
Lengd | 11,8[1] km | ||
Breidd | 1,02[1] km | ||
Areal | 8,9[1] km² | ||
Middeldjupn | 25,3[1] m | ||
Største djupn | 63[1] m | ||
Volum | 223 x 106[1] m³ | ||
Koordinatar | 54°34′39″N 2°52′30″W / 54.5775°N 2.8751°W | ||
Byar | Glenridding, Pooley Bridge | ||
Ullswater 54°34′19″N 2°54′02″W / 54.5719°N 2.9005°W | |||
Wikimedia Commons: Ullswater |
Innsjøen er skapt av isbrear under den siste istida. Fjella kring Ullswater formar innsjøen som ein lang 'Z' som delar innsjøen i tre delar.
Opphavet til namnet «Ullswater» er uklårt. Somme meiner det kjem frå namnet på ein norsk høvding, Ulf, som styrte over området,[2] men det var òg ein gong ein saksisk lord av Greystoke kalla Ulphus ved innsjøen.[3]
Landsbyen Glenridding ligg ved sørenden av innsjøen, og frå her går mange fotturistar forbi innsjøen på veg til fjella i området, mellom anna det tredje høgaste i England, Helvellyn. Landsbyen Pooley Bridge ligg heilt nord ved innsjøen. Det går fleire båtar på vatnet mellom landsbyane. Det er òg populært å segle på vatnet.
Donald Campbell sette verdsrekorden for høgast fart på vatn på Ullswater den 23. juli 1955, då han fekk vassflyet Bluebird K7 opp i ein fart på 325,53 km/h.
Galleri
endre-
SS «Lady On the Lake» går ut frå Glenridding
-
Ein av båtane går ut frå Howtown på veg til Pooley Bridge.
-
Ullswater sett frå nord
-
Den mindre og nedre delen, sett frå [[Hallin Fell
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ullswater» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 McNamara, Jane, Table of lake facts, Environment Agency of England og Wales, arkivert frå originalen 28. juni 2009, henta 30. mars 2010
- ↑ www.ullswater.visitor-centre.co.uk., arkivert frå originalen 19. august 2007, henta 30. mars 2010
- ↑ The Hodgson Clan