Ulrich Beck
Ulrich Beck (15. mai 1944–1. januar 2015) var ein tysk sosiolog, fødd i Stolp i dagens Polen og død i München. Han vart vide kjend for verket Risikogesellschaft. Auf dem Weg in eine andere Moderne, ei bok som vart publisert i 1986 og er omsett til 35 språk. Her skildra han mellom anna avtradisjonaliseringa av livsformene i industrisamfunnet og avstandardiseringa av lønsarbeidet samt nye og individualiserte livssituasjonar og livsmønster. Beck kritiserte sosiologien for å nytte seg av synsvinklar låste til nasjonalstatlege tilhøve og terminologiar. Dei teknisk-økonomiske framstega oppnådd i industrisamfunnet, som til dømes bruken av atomkraft, fann han hadde utilsikta biverknader på overnasjonalt og globalt nivå. Fylgjene av grenseoverskridande miljøproblem og globalisering spela ei viktig rolle for Beck når han utvikla sine samfunnsteoriar.
Ulrich Beck | |||
| |||
Fødd | 15. mai 1944 Słupsk | ||
---|---|---|---|
Død | 1. januar 2015 München | ||
Nasjonalitet | Sveits, Tyskland | ||
Område | sosiologi | ||
Yrke | sosiolog, universitetslærar, samfunnsøkonom | ||
Institusjonar | Ludwig-Maximilians-Universität München Universitetet i Münster London School of Economics | ||
Alma mater | Ludwig-Maximilians-Universität München London School of Economics | ||
Ektefelle | Elisabeth Beck-Gernsheim | ||
Medlem | Etikkomisjonen for en sikrere energiforsyning |
Risiko og frihet, ei bok basert på tekstar frå fleire av Becks verk, kom på norsk bokmål i 1997.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ulrich Beck» frå Wikipedia på tysk, den 31. desember 2015.