Ulster Association
Ulster Association (fullt namn Ulster Association for Peace with Honour) var formelt eit privat føretak skipa i 1922 for å driva propaganda for den nord-irske regjeringa under leiing av Ulster Unionist Party og mot dei som var kritiske til unionismen og kløyvinga av Irland.[1] Organisasjonen vart skipa i møte i Belfast 3. april 1922, og vart grunnlagt og finansiert av fleire av dei mest framståande medlemene av Northern Ireland's professional and business class.[2]
Ein generalstab for propaganda for unionismen
endreFormelt var Ulster Association eit privat føretak, men det skulle ikkje berre spreia informasjon til fordel for den nord-irske styresmakta. Den skulle tala på vegner av denne styresmakta:
- The closest liaison has been established with the Prime Minister's Secretariat and the various Governmental Departments, on whose behalf the Association has become of circulating official information to the Press.[3]
I den same årsmeldinga som dette sitatet stammar frå, er James Craig (statsministeren) sjølv oppgjeven som president for Ulster Association, og det vert sagt at føremålet til organisasjonen vart fastsett på eit møte han var til stades. Vidare vart det retta særskilt takk til Robert Baird, Trevor Henderson og Samuel Cunningham - hovudeigarane av dei tre unionistiske belfastavisene Belfast Telegraph, News Letter og Northern Whig, som alle og var medlemer Ulster Unionist Council Standing Committee, og soleis ogso ein del av partieliten i Ulster Unionist Party.
Partiet og Orangeordenen hadde monopolisert statsmakta, statsministeren er leiar for ein propagandaorganisasjon for statsmakta som møter statsmakta, talar på vegner av statsmakta og har nære band til medieeliten som ogso er ein del av den same partieliten.
Verksemd
endreUlster Association møttest heile 134 gonger i løpet av det fyrste arbeidsåret. Det gjev ein gjennomsnittleg møtefrekvens på meir enn tre gonger i veka, noko dei heldt fram med å ha.[4] I løpet av det fyrste arbeidesåret skal Ulster Association ha medverka til å ha fått om lag 150000 spaltecentimer materiale om Nord-Irland på trykk i aviser og tidsskrift.[5] Ein av dei største suksessane skal ha vore ei fast vekes-spalte "Letter from Ulster" som gjekk fast i mellom 50 og 60 aviser i Storbritannia. I denne spreiinga av avistilfang, var det sikkert og til hjelp at Trevor Henderson i News Letter ogso hadde ein leiande posisjon i Reuter's. I tillegg til distribusjon av tilfang til aviser, spreidde Ulster Association og pamflettar i relativt stort omfang, i alt stod 7000 institusjonar på distribusjonslistene. Det materialet som vart produsert av Ulster Association vart sendt ut til:
- Medlemene i House of Commons of House of Lords i London
- Britiske ambassader og diplomatiske representasjonar i andre land
- Ambassadar for andre statar i London
- Handelsstandsforeiningar og Rotary-klubbar
- Britiske universitet
- Guvernørar i britiske koloniar
- 600 lokallag av det britiske konservative partiet
- Skotske kyrkjer
- 840 britiske bibliotek
- 310 klubbar og hotell i Storbritannia
- 495 klubbar og hotell i USA
- 412 klubbar og hotell i Canada og på Newfoundland
- 649 klubbar og hotell i Australia, Tasmania og New Zealand
- Losjar av Orangeordenen i USA, Australia og Kanada.[6]
Trongen for Ulster Association forsvann mykje etter 1925, då kløyvinga av Irland og omfanget av Nord-Irland vart "frose fast" etter at Irish Boundary Commission hadde avslutta arbeidet sitt. Mot slutten av 1930-åra vart trongen for liknande organisert propagandaarbeid oppfatta som sterkare att. Men det skjedde i noko endra organisatoriske former. Skipinga av eit Ulster Office i London i 1938, kan sjåast på som ei viktig vidareføring av Ulster Association sitt arbeid.[7] Då hadde ogso ein anna form for informasjon - som heller ikkje var heilt fri for politisk propaganda, ogso vokse fram. Ulster Tourist Development Association produserte turisthandbøker og anna tilfang frå 1923.
Kjelder
endre- ↑ Sean McDougall i Peter Catterall og Sean McDougall (red.): The Northern Ireland Question in British Politics. London, MacMillan Press 1996, s. 33. ISBN 0-333-63867-0
- ↑ Christoffer Norton: An earnest endeavour for peace? Unionist opinion and the Craig/Collins peace pact of 30 march 1922. I Études Irlandaises 32-1 2007, s. 98. Lese digitalt 29. juli 2019 frå https://www.persee.fr/doc/irlan_0183-973x_2007_num_32_1_1787
- ↑ Ibid. s. 33. Sitatet er frå Ulster Association for Peace with Honour. Annual Report, 1922-23. PRONI: CAB 6/93.
- ↑ Catteral og McDougall (red.) 1996, s. 33f.
- ↑ Catterall og McDougall (red.) 1996, s. 34. Omrekna frå inch med faktor 2,54 og avrunda.
- ↑ Sett opp etter ovwersyn i Catterall og McDougall (red.) 1996, s. 34f.
- ↑ Philip Ollerenshaw: Northern Ireland in the second world war. Politics, economic mobilisation and society, 1939-1945. Manchester, Manchester University Press 2013, s. 16 og 18. ISBN 978-0-7190-9050-9