Grensekommisjonen Fristaten/Nord-Irland (1924)

(Omdirigert frå Irish Boundary Commission)

Grensekommisjonen Fristaten/Nord-Irland (1924) eller (Irish) Boundary Commision vart oppnemnd i 1924 i samsvar med artikkel 12 i den anglo-irske avtala frå 6. desember 1921 som avslutta den irske sjølvstendekrigen 1919-1921. I denne paragrafen heitte det at ein kommisjon

consisting of three persons, one to be appointed by the government of the Irish Free State, one to be appointed by the government of Northern Ireland and one who shall be Chairman

to be appointed by the British Government shall determine in accordance with the wishes of the inhabitants, so far as may be compatible with economic and geographic conditions, the boundaries between Northern Ireland and the rest of Ireland, and for purposes of the Government of Ireland Act, 1920, and of this instrument, the boundary of Northern Ireland shall be determined such as may be determined by such Commission.[1]

Oppnemning og kommisjonsarbeidEndra

 
Grensekommisjonens fyrste møte i Irland. Irish Independent, Tysdag, 11 desember 1924. Nummer to frå venstre, Joseph Robert Fisher; midetn: kommisjonsleiar Richard Feetham; nummer to frå høgre, Dr. Eoin MacNeill.

Den anglo-irske avtala føreskreiv ein trepartsoppnemnd kommisjon, der to av partane måtte påreknast å oppnemna ein tilhengjar av det alt etablerte Nord-Irland og Ulster Unionist Party sitt regime der. Dei nord-irske styresmaktene markerte si motvilje mot å endra dei etablerte grensene ved å nekta å oppnemna ein medlem i grensekommisjonen. London-styresmaktene oppnemnde difor deira representant. Medlemer i kommisjonen vart:

Kommisjonen arbeidde fram til og gjennom det meste av 1925,[2] vitja grenseområde (både i Nord-Irland og i Fristaten) og henta inn synsmåtar på grensa og eventuell grenseendring. Då arbeidet vart avslutta, vart kommisjonsmedlemene samde om at vurderingane hadde gjort og det materialet kommisjonen sat på, ikkje skulle gjerast offentleg før kommisjonen kunne samla seg bak ein rapport. Ein lekkasje i den britiske avisa Morning Post 7. november 1925 torpederte dette opplegget. Avisa kunne melda at delar av det austlege grevskapet Donegal skulle førast over til Nord-Irland, medan delar av det sørlege grevskapet Armagh skulle førast over til Fristaten. Representanten McNeill trekte seg då frå kommisjonen og skulda kommisjonsleiaren Feedham for å ha late seg påverka av politiske ynskje. 3. desember 1925 vart dei tre styresmaktene samde om at grensa skulle vera uendra slik dei var etter Government of Ireland Act, dvs. fylgja dei gamle grevskapsgrensene slik at Nord-Irland femna om dei seks grevskapa Antrim, (London)Derry, Fermanagh, Tyrone, Armagh og Down. Rapporten frå kommisjonen vart ikkje publisert før i 1969.[3]

ReferansarEndra

  1. Sitert etter det irske nasjonalarkivet si digitalt tilgjengelege avtale. Side 4. Lesen 30. juli 2019.
  2. Framstillinga i dette avsnittet byggjer på teksten under "Boundary Commission" i D.J. Hickey og J.E. Doherty: A dictionary of Irish history 1800-1980. Dublin, Gill and MacMillan 1989, s. 41. ISBN 0-7171-1567-4. Dette gjeld berre delvis i tidlegare delar av teksten. Dette gjennomgåande framifrå oppslagsverket har feiltolka §12 i 1921-avtala på punktet om kven som skulle oppnemna kommisjonsleiaren. Dei hevdar at kommisjonsleiaren skulle vera oppnemnd i fellesskap. Denne feiltolkinga er gjort trass i at § 12 i 1921-avtala er attgjeve korrekt og in extenso under oppslagsordet "Treaty" s. 568.
  3. Les rapporten frå grensekommisjonen frå National Archives (UK): https://discovery.nationalarchives.gov.uk/details/r/C386829 Lenkje henta 30. juli 2019.