Ultramikroskop er eit mikroskop med mørkefeltbelysning. Det vert nytta til å studere objekt med storleikar under grensa for oppløysingsevna til vanlege mikroskop. Objekta, til dømes røykpartiklar i luft eller kolloidale partiklar i ei væske, vert studert gjennom eit vanleg mikroskop, men lyssett frå sida. Berre lys som blir spreidd av partikkelen kjem då inn i mikroskopet. Partiklar som er mindre enn bølgjelengda til lyset, vert ikkje optisk avbilda, men vert sett som små runde, lysande skiver. Ei sannare avbilding av så små objekt kan ein oppnå med elektronmikroskop.

Det vart funne opp av H. Siedentopf og Richard Adolf Zsigmondy i 1903.

Kjelder endre