Ulvikafjorden

(Omdirigert frå Ulvikfjorden)

Ulvikafjorden er ein fjordarm av Osafjorden, som igjen er ein sidefjord til Hardangerfjorden i Ulvik herad.

Ulvikfjorden

Fjorden strekkjer seg 6 km inn til tettstaden Ulvik og har innløp mellom Birgjetangen i nord og Staursnes i sør. Delen av fjorden aust for sjølve sentrum heiter Ulvikapollen. På sørsida av Ulvikapollen ligg Hjeltnes.