Opna hovudmenyen

Omar ibn al-Khattab

(Omdirigert frå Umar)

Omar ibn al-Khattab (581644) var ein tidleg muslim og kalif. Han stod bak nedkjempinga av persarane og ei kraftig utviding av det muslimske riket.

Omar ibn al-Khattab
Rashidun Caliphs Umar ibn Al-Khattāb - عُمر بن الخطّاب ثاني الخلفاء الراشدين.svg
Fødd 585
Mekka
Død

5. november 644
Medina

Yrke statsmann
Omar ibn al-Khattab på Commons
Grava til Omar i Profetmoskeen i Medina.

Omar er rekna som ein av dei fire rettleidde kalifane av sunniar, men er sett på som den viktigaste motstandaren til Ali av sjiamuslimar.

Innhaldsliste

LivEndra

Omar ibn al-Khattab var født i Mekka, og budde der då Muhammed erklærte seg som profet for den nye religionen islam i 610. Dei høyrde til begge den dominerande Qureishstammen. I førstninga var Omar ein sterk motstandar av Muhammed, men etter å ha omvend seg blei han i staden ein sterk muslim.

Omar flytta til Yathrib (no Medina) med dei andre muslimane i 622. Her blei han og Abu Bakr Muhammed sine viktigaste rådgjevarar. Etter at Muhammed døydde gjekk Omar inn for at Abu Bakr skulle bli kalif. Då også denne døydde, i 634, blei Omar kalif etter han. Han samla beduinane under sitt styre og stod bak sigeren over Persarriket ved Kadisiya i 637, erobringa av Syria, Palestina og Egypt, og den endelege erobringa av persarane ved Nihavend i 641.

I 644 blei Omar snikmyrda av persarar. Han blei knivstukken av den persiske slaven Piruzan, kjend som Abu Lulu. Før han døydde utpeikte Omar eit råd som skulle velja den neste kalifen. Dei valde ut Othman ibn Affan.

FamilieEndra

Omar var gift med ni kvinner i løpet av livet. Han hadde fjorten barn, mellom dei var Hafsa bint Omar, ei av konene til Muhammed, lovseiemannen Abd Allah ibn Omar og hadizforteljaren Asim ibn Omar.

EttermæleEndra

Omar ibn al-Khattab er ein viktig person i den muslimske historia. Han grunnla kalifatet som eit muslimsk rike, gav påbodet om faste i måneden ramadan og innførte tidsrekninga hidjra etter «flukta» (hadj) til Medina.

Blant sunnimuslimar er Omar rekna som ein rettvis og måtehalden muslimsk, lovmann og leiar. Dei kjenner han under tilnamnet Farooq, 'han som skil'.

Sjiamuslimar ser derimot på Omar som ein forrædar mot Muhammed og Ali. Nokre av dei skulder han for å ha brukt vald mot og til og med drepe Fatima, dotter til Muhammed, under arbeidet med å få Abu Bakr vald til kalif.

KjelderEndra