Umbra, penumbra og antumbra

(Omdirigert frå Umbra)

Umbra, penumbra og antumbra er tre forskjellige delar av ein skugge i rommet bak ein skuggekastande himmellekam.

Umbra, penumbra og antumbra.
Umbra (A) og penumbra (B)

Umbra, som er latinsk for «skugge», er den inste og mørkaste delen av skuggen, der lyskjelda er heilt blokkert av den formørkande lekamen. Ein observatør i umbrasonen opplever ei total formørking. Penumbra er regionen der berre delar av lyset vert formørka av lekamen. Ein observatør i denne sonen vil oppleve ei delvis formørking. Antumbra er området der lekamen føre lyskjelda ligg heilt innafor lysskiva. Ein vil då sjå ein lys ring rundt den formørkande lekamen. Om ein flyttar seg nærmare lekamen, vil denne ringen bli mindre og mindre til han til slutt skapar full umbra.

Penumbra kan òg syne til den gråsvarte kanten som omgir det sentrale, mørke området i ein solflekksola.

Kjelder endre