Uncle Duke er ein fast figur i teikneserien Doonesbury, frå om lag 1972. Duke var inspirert av journalisten Hunter S. Thompson i magasinet Rolling Stone, og arbeidde som denne i bladet den første tida, men tok snart til å leva sitt eige liv. Han er utan skruplar, naiv, spekulativ og har hatt ei lang rekkje oppdrag i amerikansk utanriksteneste, ope og fordekt.

Skildring endre

Duke er alltid avbilda med solbriller og sigarett med munnstykke. Han er notorisk blandingsmisbrukar, og har prøvd det meste. Dette hindrar ikkje at han støtt er ute på eit eller anna oppdrag i amerikansk teneste.

Etter karrieren i Rolling Stone, vart Duke guvernørAmerikansk Samoa, og seinare ambassadør til Kina. Her møtte han Mao Tse-Tung og tolken hans, «Honey Huan», som vart trufast ved sida hans, tidvis til plage og tidvis til hjelp, til ho gjekk lei av han etter tretti år. Duke har vore i arbeid for oljeindustrien, og vore lobbyist for NRA. Som utsending for oljeindustrien vart han teken som gissel i Iran i 1979. Der kom han uvitande til å setja i verk Gisselkrisa i Iran, og vart sloppen fri i lag med dei andre. Seinare var han i arbeid for Donald Trump, og sette i gang eit spekulativt universitet i Haiti, der han nærpå vart teken av dage og levde ei tid som Zombie til han vart kjøpt fri av Zonker Harris.

Duke åtte ein landstad i Colorado, teke vare på av vaktmeisteren Zeke Brenner. Då Duke ei tid vart rekna som daud, tente Brenner gode pengar på ei bok om han, og kom seinare til å setja fyr på ranchen. Duke fekk tilhald hjå Mike og Zonker, og kom til å skyte ned Brenner då denne sneik seg inn til J.J. Brenner overlevde, og dei har hatt eit ubalansert forhold til denne dag. Dukes verste problem i Colorado var at John Denver budde rett ved, og pla sitja i bekkefaret og syngje til Duke tok fram hagla.

Duke freista og på å drive barneheim på ranchen sin, og oppdaga at han hadde ein son, Earl, i borneflokken. Earl er smartare og meir til stades enn faren.

I 2000 stilte Duke som presidentkandidat i USA. Stripesekvensen tok store delar av året, og det vart i tillegg laga animerte kampanjar med han, der han vart intervjua av mellom andre Larry King. Han vann naturleg nok ikkje, og seinare hugsa han ikkje noko av det heile, sidan han hadde røyka tett med hasj heile vegen. Når rusen tek han, vil dei andre figurane vera i dialog med "mini-D", ei mindre utgåve av han som kjem opp frå hovudet hans.

Duke er ikkje i røynda onkelen til Zonker, men ein nær ven av familien. Han ber tittelen «onkel» som eit slags æresmedlem av Harris-familien. Zonker er då og den einaste som stiller opp for han.

For tida driv han og Earl ein CIA-finansiert kampanje for å berge unna mislikte statsleiarar frå u-land i konstitusjonell krise. Dei hyra mellom andre Jeff Redfern til å arbeide for seg, noko som nærpå kosta Jeff livet.