Aktualitetsprinsippet

(Omdirigert frå Uniformitarianisme)

Aktualitetsprinsippet eller uniformitarianisme innan vitskapsteorien er ein teori om at dei naturlege prosessane som gjekk føre seg i fortida er dei same som ein kan observere i dag. Det vert ofte samanfatta i omgrepet «Notida er nøkkelen til fortida». Denne lova vart først framsett av James Hutton.

Prinsippet vart først formulert innanfor geologien, der ein rekna med at dei geologiske prosessane som verkar i dag, må vere dei same som òg verka i ei fjern fortid. Denne teorien stod i motsetnad til katastrofismen, ein teori som gjekk ut frå at jordoverflata vart danna brått gjennom geologiske prosessar som var ulike noko av det ein kan observere i notida ved at utviklinga gjekk føre seg i valdsame katastrofar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  Denne geologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.