Unitær symmetri
Unitær symmetri er eit samleomgrep på fleire typar symmetri i kvantemekanikken, særskilt i partikkelfysikken. Døme på slike symmetriar er «farge»-symmetri for kvarkar, og isospinn-symmetri for baryon og meson. Kvantemekanisk spinn er òg basert på ein type unitær symmetri.
Matematisk er unitær symmetri knytt til Lie-grupper, som har namnet sitt etter den norske matematikaren Sophus Lie. Ordet unitær skriv seg frå dei matematiske eigenskapane til symmetriane.
Kjelder
endre- «unitær symmetri» (14. oktober 2011) i Store norske leksikon, snl.no.