United States Antarctic Program

United States Antarctic Program (eller USAP; tidlegare kalla United States Antarctic Research Program eller USARP og United States Antarctic Service eller USAS) er ein offentleg amerikansk organisasjon som koordinerer forsking og bistand for forskningsorganisasjonane i Antarktis.

United States Antarctic Program vart skipa av det amerikanske National Science Foundation si polaravdeling og yter bistand til forsking som berre kan utførast frå Antarktis eller som er best eigna til å bli utført derfrå.

I dag har organisasjonen ansvaret for tre heilårlege forskingsstasjonar i Antarktis; McMurdo Station, Amundsen-Scott South Pole Station og Palmar Station. I tillegg kjem fleire sesongstasjonar og marinefartøy som seglar i antarktiske farvatn.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre