Universitetet i Leiden
Universitetet i Leiden er det eldste universitetet i Nederland. Det ligg i Leiden i provinsen Zuid-Holland, og har meir enn 27 000 studentar.
Universitetet i Leiden | |||
| |||
| |||
Motto | Libertatis Praesidium | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 8. februar 1575 | ||
Rektor | Hester Bijl | ||
Stad | Leiden | ||
Studentar | 27 713 (2017) | ||
Tilsette | 5 500 (2015), 7 860 (2024) | ||
Medlemskap | Coimbragruppa, ORCID, arXiv | ||
Nettstad | https://www.universiteitleiden.nl/ (nederlandsk, engelsk) | ||
Universitetet i Leiden 52°09′25″N 4°29′07″E / 52.156944444444°N 4.4852777777778°E |
Universitetet i Leiden er medlem av Coimbragruppa, Europaeum og League of European Research Universities.
Historie
endreUniversitetet i Leiden vart grunnlagt i 1575 av Vilhelm I av Oranien; Huset Oranien-Nassau og universitetet har framleis tette band. Tidleg vart framståande forskarar knytt til universitetet, og det fekk snart rykte på seg som eit av dei fremste lærestadane i Europa. Det var ved dette universitet som René Descartes sine teoriar fekk sitt første gjennombrot, og det vart òg eit sentrum for filologi, botanikk og medisinsk vitskap. Til skilnad frå universiteta i Frankrike og Italia, vart Leiden òg ein viktig stad for protestantismen; då Justus Lipsius konverterte til katolisismen i 1590 måtte han truleg oppgi sitt professorat ved universitetet.
Det første universitetetområdet var ved St. Barbaraklosteret, men det flytte i 1581 til det dominikanske Kvitnonnenklosteret. Bygningen vart øydelagt i 1616, men universitetet eig framleis tomta.
Mellom dei mest berømte institusjonane ved universitetet er observatoriet frå 1633, det naturhistoriske museet med sitt anatomiske teater, det historiske museet (Museum van Oudheden) i tillegg til Hortus Botanicus. Universitetsbiblioteket har meir enn 3,5 millionar bøker.
Galleri
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Universitetet i Leiden» frå Wikipedia på bokmål, den 21. desember 2010.