Opna hovudmenyen

Koordinatar: 58°22′52″N 26°43′13″E

Hovudbygninga
Hovudbygninga

Universitetet i Tartu (estisk Tartu Ülikool, TÜ, latin Universitas Tartuensis) blei grunnlagt i 1632 i det som på den tida var ein del av det svenske riket. Under svensketida i Estland fungerte universitetet i to periodar, kjende som Academia Gustaviana (1632-1665) og Academia Gustavo-Carolina (1690-1710). På grunn av krig og uro måtte universitetet i delar av denne tida halde til andre stedar.

Under tsar-tida blei universitetet gjenopna som Kaiserliche Universität zu Dorpat (1893-1918, russisk Императорский Дерптский Университет). I 1919 blei universitetet gjenopna som eit nasjonalt estisk universitet. I sovjettida (1940-1941 og 1944-1989) blei universitetet etter sovjetisk modell kalla «Tartu statlege universitet» (estisk Tartu Riiklik Ülikool, TRÜ). Under den tyske okkupasjonen (1942-1944) fungerte universitetet under namnet Ostland-Universität in Dorpat (estisk Eesti Omavalitsuse Tartu Ülikool).

Etter gjenopprettinga av den estiske staten i 1991 har universitetet, som er Estland sitt eldste, største og fremste universitet, utvikla seg til å bli eit internasjonalt miljø, med fleire høve til å studere på engelsk og med omkring 4 % internasjonale studentar blant doktorgradsstipendiatane. I 2007 hadde universitetet totalt i underkant av 18 000 studentar.

LeiingEndra

Det øvste styrande organet for universitetet er universitetet sitt råd. Universitetet blir no leia av rektor professor Volli Kalm, som står i spissen for eit rektorat som også omfattar ein studieprorektor, ein forskningsprorektor, direktørar for administrasjon, finans og forvalting, dekanane for kvart fakultet og ein representant for studentrådet.

FakultetEndra

Universitetet har 11 fakultet:

  • Teologisk fakultet (estisk Usuteaduskond)
  • Juridisk fakultet (estisk Õigusteaduskond)
  • Medisinsk fakultet (estisk Arstiteaduskond)
  • Filosofisk fakultet (estisk Filosoofiateaduskond)
  • Biologisk og geografisk fakultet (estisk Bioloogia-geograafiateaduskond)
  • Fysisk og kjemisk fakultet (estisk Füüsika-keemiateaduskond)
  • Pedagogisk fakultet (estisk Haridusteaduskond)
  • Idrettsfakultetet Kehakultuuriteaduskond)
  • Økonomisk fakultet (estisk Majandusteaduskond)
  • Fakultet for matematikk og informatikk (estisk Matemaatika-informaatikateaduskond)
  • Samfunnsvitenskapleg fakultet (estisk Sotsiaalteaduskond)

KjelderEndra