Universitetet i Torino

Inngangen til Palazzo dell'università

Universitetet i Torino (Università degli Studi di Torino) er det eldste av tre universitet i Torino.

HistorieEndra

Universitetet er frå 1400-talet, ein periode med uro i Lombardia-regionen, då førelesarar frå universiteta i Pavia og Piacenza føreslo at det skulle opprettast ein lærestad for høgare utdanning i området. Valet fall på Torino, då det låg sentralt til, hadde eit kyrkjesete og prinsen var villig til å etablere eit universitet på sine eigne landområde. Hausten 1404 kom det ein paveleg bulle frå motpaven Johannes XXIII som etablerte universitet. Det vart formelt godkjend både av keisaren og paven i Roma, og fekk ei rekkje pavelege privilegium.

I tidlege år vart universitetet plaga av omveltingane i samband med pest i området. Universitetet var stengt i samband med den franske okkupasjonen frå 1536. Frå 1558 vart det starta undervisning igjen ved Mondovì. Først i 1566 opna universitetet igjen dørene i Torino.

Fram til andre halvdel av 1600-talet hadde universitetet ein glansperiode. Ei rekkje epidemiar, svolt og krigar gjorde at institusjonen først stagnerte, og så krympa. I 1720 eller 1721 flytta dei inn i ein ny bygning på Via Po, i sentrum av Torino. Dette markerte byrjinga på ein ny oppgangsperiode. Under hertug Viktor Amadeus II vart òg utdanningssystemet reformert. Viktor meinte at eit statleg styrt utdanningssystem var viktig for å bygge opp ein trufast herskarklasse som kunne hjelpe han å «bygge nasjonen». Nye studiar, mellom anna i italiensk retorikk, og eit internat komplett med studieassistentar, gav universitetet eit rykte som påverka utdanningsreforma i andre delar av Italia.

Nok ein krig mot Frankrike gjorde at universitetet vart stengd frå 1792 til 1799. Under det franske departementet Pô vart studia reorganisert i 1800. Universitetet vart det nest største i det franske keisarriket, berre overskugga av Paris. Etter Napoleon sitt fall vart universitetet igjen reorganisert, np etter gamle retningslinjer. I samband med opprøra i 1821 vart universitetet igjen stengd ein periode.

Utover på 1800-talet opna ei rekkje nye fakultet. Sjølv om hovudstaden vart flytta til Firenze overlevde universitetet og blømde trass i færre innbyggjarar. I 1893 flytta nokre av dei naturvitskaplege fakulteta ut til Valentino-området. I 1923 vart universitetet statleg, som ein del av ein utdanningsreform som etablerte 21 statlege universitet i Italia.

Kjende tilsette og studentarEndra

Tenkarar som Umberto Eco, Nicola Abbagnano og Norberto Bobbio har vore tilsette ved universitetet.

Det har uteksaminert studentar som Salvador Luria, Renato Dulbecco og Rita Levi Montalcini, nobelprisvinnarar i medisin, og innflytingsrike personar som Antonio Gramsci, Piero Gobetti og Palmiro Togliatti. Forfattaren Massimo Bontempelli studerte òg ved universitetet.

BakgrunnsstoffEndra