Bangor University (walisisk Prifysgol Bangor) er eit walisisk universitet basert i byen Bangor i grevskapet Gwynedd i Nord-Wales. Det vart grunnlagt i 1884 og var ein av dei grunnleggande institusjonane i det tidlegare føderale University of Wales. Det har gjennom det meste av historia vore offisielt kjend som University of Wales, Bangor (UWB) (walisisk Prifysgol Cymru, Bangor), men frå september 2007 skifta universitetet namn til Bangor University, og vart sjølvstendig frå University of Wales. Etter ei undersøking i 2008 vart nesten halvparten av all forsking ved Bangor University rekna som verdsleiande. Bangor er rangert som det 251 beste universitetet i verda.[1] Det er òg det høgast rangerte universitetet i Wales og er eit av dei femten høgast rangerte i Storbritannia.[2]

Bangor University

MottoGorau Dawn Deall
Grunnlagt1884
TypeOffentleg
StadGwynedd
Studentar11 270 (2018)
Tilsette1 812 (2016, 2017), 1 685 (2018), 1 644 (2020), 1 667 (2019)
MedlemskapORCID
Nettstadhttps://www.bangor.ac.uk/
Kart
Bangor University
53°13′44″N 4°07′48″W / 53.2289°N 4.1301°W / 53.2289; -4.1301

Historie

endre

Universitetet vart grunnlagd under namnet University College of North Wales den 18. oktober 1884. Det fekk det formelle chartret sitt året etter. Det opphavlege lokalet var ein gammal skysstasjon, som hadde god plass til dei 58 studentane og staben. I 1911 flytta universitetet til ein ny og mykje større bygning, som no er den gamle delen av Main Arts Building.

I 1967 heldt Maharishi Mahesh Yogi ein forelesning om transcendental meditasjon. Under denne forelesninga fekk medlemmane av The Beatles vita at manageren deira Brian Epstein var daud.

I 1996 vart det walisiskspråklege universitetet Coleg Normal innlema.

Kjelder

endre