University of Pittsburgh
University of Pittsburgh (ofte kalla Pitt) er eit sjølvstendig, delstatstilknytt universitet med forskingsfokus i Pittsburgh i delstaten Pennsylvania i USA. Det vart oppretta i 1787 og er blant dei eldste lærestadene i USA. Det er i tillegg campusar på tre ulike stader i Pennsylvania. Store delar av campus har status som National Historic District.
University of Pittsburgh | |||
| |||
| |||
Grunnlagt | 1787 | ||
---|---|---|---|
Type | uavhengig, statstilknyttet | ||
Stad | Pittsburgh | ||
Studentar | 32 277 (september 2020), 31 924 (1. september 2021) | ||
Tilsette | 13 264 (september 2020) | ||
Medlemskap | ORCID, Digital Library Federation, Association of Research Libraries, arXiv, Center for Research Libraries | ||
Nettstad | https://www.pitt.edu (engelsk) | ||
University of Pittsburgh 40°26′40″N 79°57′12″W / 40.444565°N 79.953274°W |
Her vart det på 1950-talet gjort avgjerande pionerarbeid ved utviklinga av poliovaksinen, under leiing av professor Jonas Salk. University of Pittsburgh Medical Center er enno eit leiande forskingsmiljø innan medisin i USA, og universitetet har generelt høge rangeringar på ei rekkje felt.
Lærestadene er:
- University of Pittsburgh (1787) – 26 860 studentar
- University of Pittsburgh at Johnstown, PA (1927) – 3 142 studentar
- University of Pittsburgh at Bradford, PA (1963) – 1 319 studentar
- University of Pittsburgh at Greensburg, PA (1963) – 1 796 studentar
Skulane ved UoP er:
- School of Arts and Sciences
- College of Business Administration
- Joseph M. Katz Graduate School of Business
- School of Dental Medicine
- School of Education
- Swanson School of Engineering
- College of General Studies
- School of Health and Rehabilitation Sciences
- University Honors College
- School of Information Sciences
- School of Law
- School of Medicine
- School of Nursing
- School of Pharmacy
- Graduate School of Public & International Affairs (GSPIA)
- Graduate School of Public Health
- S*chool of Social Work
Ved universitetet var det 33 117 studentar og 2 670 vitskapleg tilsette i 2006, og same året var skulepengane i gjennomsnitt US$ 11 500 for studentar folkeregistrert i Pennsylvania, avhengig av studiestad. Studiane vert gjeve opp til doktorgradsnivå i Pittsburgh og bachelornivå ved dei tre andre lærestadane.
Nobelprisvinnar Wangari Maathai er tidlegare student ved Pitt.
University of Pittsburgh Library System har i alt 4,8 millionar boktitlar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «University of Pittsburgh» frå Wikipedia på bokmål, den 29. april 2013.