University of Richmond

University of Richmond er ein utdanningsinstitusjon i utkanten av Richmond i Virginia i USA. University of Richmond er ein privat utdanningsinstitusjon og har eit særleg fokus på grunnivået av høgare studiar. Det blir rekna som eit liberal arts- college, og når gjennomgåande høgt i nasjonale rangeringar. Universitet har rundt 4000 studentar og er oppdelt i fem skular: School of Arts and Sciences, E. Claiborne Robins School of Business, Jepson School of Leadership Studies, TC Williams School of Law og School of Continuing Studies. Universitetet blei grunnlagd i 1830. Under den amerikanske borgarkrigen nytta ein bygningane til universitetet som sjukehus og kasernar for konføderasjonstroppar. Universitetet blei utnemnd til det 12. beste private universitetet i USA i 2011.[1]

University of Richmond

Grunnlagt1830
StadVirginia
Studentar4 361, 3 637 (1. september 2021)
Tilsette1 889 (september 2020)
MedlemskapDigital Library Federation
Nettstadhttp://www.richmond.edu (engelsk)

University of Richmond har ein tydeleg internasjonal profil, og har samarbeid med mange prestisjefulle universitet rundt om i verda, som London School of Economics, University of Oxford, Handelshögskolan i Stockholm, Bocconi universitet og Sciences Po. University of Richmond har òg eit aktivt studentliv med over 250 studentforeiningar og sterke tradisjonar.

E. Claiborne Robins School of Business ved universitetet har vore rangert nummer tolv av dei beste Undergraduate Business Schools i USA.[2]

T.C. Williams School of Law ved University of Richmond blei i mars 2011 rekna som den 67. beste jusskulen i USA.[3]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: University of Richmond