Unruh-effekt
Unruh-effekt (stundom Fulling–Davies–Unruh-effekt) er ein hypotese om at ein observatør som akselererer vil observere svartlekamstråling der ein observatør i eit tregleikssystem ikkje ville ha observert dette. Med andre ord verkar bakgrunnen varm i eit akselerert referansesystem. Sagt på ein annan måte ville eit termometer som vart veifta kring i tomt rom ha registrert ein temperatur som var ulik null.
Unruh-effekten vart først skildra av Stephen Fulling i 1973, Paul Davies i 1975 og W. G. Unruh i 1976.[1][2][3] Det er for tida ikkje klårt om Unruh-effekten faktisk er blitt observert, sidan påståtte observasjonar er omstridde. Det er òg noko tvil om Unruh-effekten indikerer at det finst Unruh-stråling.
Likninga
endreUnruh-temperaturen, som William Unruh rekna ut i 1976, er den effektive temperaturen som ein akselerert detektor måler i eit vakuumfelt. Han er gjeven av[4]
der er den lokale akselerasjonen, er Boltzmannkonstanten, er redusert Planck-konstant, og er lysfarten. Altså ville ein sann akselerasjon på 2,5 × 1020 m s−2 tilsvare ein temperatur på 1 K.
Unruh-tempeaturen har same forma som Hawking-temperaturen i eit svart hol, som Stephen Hawking kom fram til sjølvstendig kring same tid. Han vert derfor stundom kalla Hawking–Unruh-temperaturen.[5]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Unruh effect» frå Wikipedia på engelsk, den 12. november 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ S.A. Fulling (1973). «Nonuniqueness of Canonical Field Quantization in Riemannian Space-Time». Physical Review D 7 (10): 2850. Bibcode:1973PhRvD...7.2850F. doi:10.1103/PhysRevD.7.2850.
- ↑ P.C.W. Davies (1975). «Scalar production in Schwarzschild and Rindler metrics». Journal of Physics A 8 (4): 609. Bibcode:1975JPhA....8..609D. doi:10.1088/0305-4470/8/4/022.
- ↑ W.G. Unruh (1976). «Notes on black-hole evaporation». Physical Review D 14 (4): 870. Bibcode:1976PhRvD..14..870U. doi:10.1103/PhysRevD.14.870.
- ↑ See equation 7.6 in W.G. Unruh (2001). «Black Holes, Dumb Holes, and Entropy». Physics meets Philosophy at the Planck Scale. Cambridge University Press. s. 152–173.
- ↑ P.M. Alsing, P.W. Milonni (2004). «Simplified derivation of the Hawking-Unruh temperature for an accelerated observer in vacuum». American Journal of Physics 72 (12): 1524. Bibcode:2004AmJPh..72.1524A. arXiv:quant-ph/0401170v2. doi:10.1119/1.1761064.