Up av R.E.M.
Up av R.E.M. Studioalbum av R.E.M. | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. oktober 1998 | |
Innspelt | Januar–juli 1998 | |
Sjanger | Alternativ rock | |
Lengd | 64:31 | |
Selskap | Warner Bros. Records | |
Produsent | Pat McCarthy og R.E.M. | |
R.E.M.-kronologi | ||
---|---|---|
New Adventures in Hi-Fi (1996) |
Up av R.E.M. | Reveal (2001)
|
Up er eit musikkalbum av den amerikanske musikkgruppa R.E.M. som vart utgjeve i 1998. Albumet var det fyrste utan Bill Berry, som hadde vore medlem sidan byrjinga, Jefferson Holt, som var den opphavlege manageren, og Scott Litt som hadde vore produsent på mange tidlegare plater. Innspelinga var prega av spenning, og gruppa har fortalt at dei var nær oppløysing. Den nye manageren, Bertis Downs, kalla inn til krisemøte der medlemmene i bandet fekk teke opp problema sine og avgjort at dei ville halde fram som gruppe.
Up debuterte på topp 10 i både USA og Storbritannia. Likevel vart albumet relativt sett ein fiasko, med berre 900 000 selde eksemplar i USA ved midten av 1999, og til slutt rett over to millionar verda over. Medan salstala i USA svikta, flytta den kommersielle basisen til R.E.M. seg til Storbritannia, der det vart selt fleire R.E.M.-plater per innbyggar enn i noko anna land, og singlane til bandet regelmessig var på topp 20.
Innhald
endreAlle tekstane og melodiane er ved Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe der ikkje anna er nemnt.
- «Airportman» – 4:12
- «Lotus» – 4:30
- «Suspicion» – 5:36
- «Hope» (Leonard Cohen, Buck, Mills, Stipe)1 – 5:02
- «At My Most Beautiful» – 3:35
- «The Apologist» – 4:30
- «Sad Professor» – 4:01
- «You’re in the Air» – 5:22
- «Walk Unafraid» – 4:31
- «Why Not Smile» – 4:03
- «Daysleeper» – 3:40
- «Diminished» – 6:01
- «Parakeet» – 4:09
- «Falls to Climb» – 5:06
1 Cohen var ikkje direkte involvert i skrivinga av «Hope», men vart kreditert fordi songen hadde likskapar med hans «Suzanne» i melodi og tekstmønster.
Kjelder
endre- Artikkelen var opphavleg basert på «Up (R.E.M. album)» på Engelsk Wikipedia
- Buckley, David: R.E.M.: Fiction: An Alternative Biography (Virgin, 2002)