Peter Buck

amerikansk musikar, gitarist i bandet R.E.M.

Peter Lawrence Buck (fødd 6. desember 1956) er ein amerikansk musikar som var gitarist i bandet R.E.M.. Buck var med på å skipa gruppa saman med vokalisten Michael Stipe, bassisten Mike Mills og trommeslagaren Bill Berry. Peter Buck var den eldste medlemmen i bandet.

Peter Buck

Peter Buck under ein konsert i Italia
Fødd6. desember 1960 i Berkeley i California i USA
FødestadBerkeley
FødenamnPeter Lawrence Buck
OpphavUSA
Aktiv1980
SjangerAlternativ rock
InstrumentElektrisk gitar, Akustisk gitar, Mandolin, Banjo, Keyboard, Bass
Tilknytte artistarR.E.M.
Hindu Love Gods
The Minus 5
Tuatara
Verka somGitarist, låtskrivar, plateprodusent

Biografi

endre

Etter å ha vakse opp i Los Angeles og San Francisco, flytta familien Buck til Atlanta i Georgia. Etter å ha fullført high school, byrja Peter Buck på Emory University, men droppa studia like etter og flytta til Athens, der han istaden studerte ved University of Georgia. Medan Buck jobba i ei platebutikk i Athens, vart han kjend med Michael Stipe som jamleg var kunde der, og med manageren Bertis Downs.[1][2][3]

I motsetnad til dei to andre gjenverande medlemmane i R.E.M. som framleis bur i Athens, bur Peter Buck i Seattle i Washington. I tillegg til bandet R.E.M spelar Buck og i banda The Minus 5 og Tuatara.

Fotnotar

endre
  1. Waldman, Matt (Desember 2002), "Bertis Downs . . . in his own words", Georgia Magazine (University of Georgia) Vol 82 (No 1). Vitja den 13. Mars 2007
  2. "oppslag for Peter Buck", New Georgia Encyclopedia (The Georgia Humanities Council & The University of Georgia Press). Vitja den 12. mars 2007
  3. oppslag for Peter Buck ved www.nndb.com. Vitja den 13. mars 2007.